torsdag 6. juni 2013

Ei rask helsing

Tenkte eg berre skulle legge inn eit lite livsteikn frå oss no når stressande tider forhåpentligvis held på å bli roligare.

Mai har vore ein måned med konfirmasjon, 17 mai, utdrikningslag og namnefest. Samtidig har mannen holdt på med eksamen, og det same har mamma. Lat oss også leggje til to bryllup 1 Juni og tvillingar med kolikktendensar.

Det er travelt i heimen. No går tida med til å prøve å hente seg innat på husarbeidfronten. Som om det ikkje er vanskeleg nok å få gjort unna husarbeid når ein er heime med to små.

Hiv med eit lite bilderas frå mnd som har vore
IMG_7196--

IMG_7238-- IMG_7242-- 
IMG_7249-- IMG_7278--
IMG_7713--
IMG_7792- IMG_7810-- IMG_7805-- IMG_8017-- IMG_7936-- IMG_7999--

fredag 19. april 2013

Tvillingmamma

Det er fantastisk, travelt, givandes og frustrerande på samme tid.

Det er fantastisk når dei er utkvilde, mette og gode i magen.
Det er fantastisk når dei søv saman, og er dei nydeligaste babyane som finnes!
IMG_7072--
Det er fantastisk når du trur du kanskje fekk eit smil og når alt er som det skal vere.

Men det er også travelt når begge vil ha mat, og når det er to som skrik og vil bærast eller sove på brystet. Då må ein gjere det beste utav det, sjølv om ein ikkje får gjort noko sjølv.

Men om du synest det er herlig og koselig å ha eit barn sovandes på brystet, tenk deg den fantastiske følelsen når du har to :) Det er så givandes å kunne tilfredstille eit lite menneske med noko så lite som eit bryst å sove på, eller ein armkrok å ligge i.

Samtidig som frustrasjonen er der når to skrik og det er nesten umulig å bære to samtidig som dei raser. Eller når ein håpar dei skal sovne saman samtidig så ein kan få stelle seg, eller ete litt mat. Og Eirik stirrar på deg med “Eg skal IKKJE sove” augene sine :p

Eg har no i skrivande stund vippa på vippestolen med foten i 4o min for å få dei til å sove saman. Sofie har sove ei stund men Eirik har gitt meg det berømte blikket :p Men eg trur han måtte gi etter no ;)

IMG_7084-gulla

onsdag 17. april 2013

Bakfram og oppned

Ja sånn er dagane og natta for tida.

I natt var eg vaken til klokka fem med ei lita Sofie med tett nase og masse slim som sleit med å sove. Samtidig hadde ho mageknip og ville svært gjerne ha smokken sin. Noko som ikkje er så lett med tett nase.

Og så var det lille Eirik. Han raste til tider pga kolikksmerter, han skifta mellom å vere uroleg ved puppen og krakilsk på smokken. Og når luftesmertene endeleg roa seg i morgontimane låg han berre å stirra på meg, som om han prøvde så godt han kunne å ikkje sovne samtidig som han sutta på smokken. Og når den datt ut så var det keeerise!

Halv seks trur eg vi sov meir eller mindre alle saman. Mannen hadde for lengst rømt til sofaen for å desperat prøve å få nokre timar søvn før han skulle på skulen.

Eg var utslitt etter å ha prøvd å roe to urolige små med smokk, pupp, bysse og holde. Så kjekke onkelen kom å bringa vesla i barnehagen idag så eg slapp å stå opp.

Når dei endeleg sovna så var dei jo berre så søte!
IMG_7048--
Lite som minner om nattens kampar her. Og når enn ser dei slik så er også nattens kampar gløymt (nesten vertfal).

No drikk eg fenikkel-te til den store gullmedalje i håp om at det skal hjelpe mot luftsmertene dei har.

lørdag 13. april 2013

Termindato

Ja dette innlegget skulle vel i grunnen kome i går. Men det er mykje som blir med tanken for tida. For å planlegge noko er rett og slett umulig.

I går, den 12.04-13 var termindatoen som sto skrive svart på kvitt på papira mine. Dagen då eg skulle vere 40 veker og tre dagar på veg. Den datoen eg vertfal hadde vorte lova å ikkje gå over.

Men jammen er eg gla eg slapp å gå til termindato. Eg er så gla for at dei små gulla våre fekk kome to veker før. Og det føltest ikkje som ein dag for tidleg! Helst skulle dei ha vore her enda ei veke før.

Ungane er friske og fine. Dei et som nokre heltar og legg på seg i ei rasande fart! Lille Eirik som var minst ved fødsel har tatt igjen Sofie på vekta, og et som ein helt! Ofte et han så mykje at det nesten ikkje er noko att når Sofie vaknar og skal ha mat. Så då har vi måtte trå til med litt ekstra erstatning for å gjere ei fornærma Sofie nøgd igjen.
IMG_20130409_150933--

Det er rart å tenke på at dei kunne ha leie i magen enno. Tenk for ein mage eg då hadde hatt. Eg torer ikkje tenke på korleis forma mi hadde våre då. Men kan konstantere at det er godt å ha dei på utsida, og at dei blei Marsbarn sjølv om papira sa dei skulle kome i April ;)

IMG_20130408_155718--

onsdag 10. april 2013

Navn

Vi snakka lenge om navn til desse to. Det skulle passe med storesyster sitt, og det skulle klinge fint saman.

Eg hadde mange forslag, så eg skreiv to lister med navn. Ei med gutenavn og ei med jentenavn. Eg satte dei eg likte best på toppen, og fylte på med fleire nedover.

Paul-Erik hadde lite forslag, så han fekk sjå listene mine, og stryke ut dei som han ikkje likte. Og det var så og seie alle navna på lista. Så sto det kun att Eirik på gutelista, og Ada og Sofie på jente lista.

Vi vurderte ei stund om vi skulle ha Ada-Sofie eller berre Sofie. Paul-Erik likte også Erik, så då var det diskusjonar om kva variant vi skulle ha av det navnet også. Eirik var også på lista når Matilde blei fødd, men fekk sjølvsagt ikkje brukt det :)

Vi har allereie ei Sofie i familien, og ein Eirik i venneflokken, men for oss så vart det desse navna som var mest rett. Men før vi bestemte oss ville Paul-Erik sjå dei fyst.

Når han kom til med på intensiven etter snittet så spurte eg om han hadde tenkt meir på navna. Ja, han hadde allereie sagt til pleiarane på neonatal at dei heiter Eirik og Sofie, så då blei det det. Og dei passar navna sine heilt perfekt
.Eirik og Sofie-

I dag vart det endeleg i det eg sende inn navnevalga til skatteetaten. Eirik Gulla Rebbestad og Sofie Gulla Rebbestad.
Og vi er dei stolte foreldre til Matilde, Eirik og Sofie. Ein fin trio.

Eirik
Betydning:
Evig hersker/enehersker
Navnedag: 18. mai

Sofie
Betydning: visdom.
Navnedag: 29. november

søndag 7. april 2013

26 Mars 2013

Skulle bli dagen då mine små akrobatar skulle få kome til verda.

Dette er inga kort oppsummering, men vegen til denne dagen var heller ikkje kort, så her er vår historie då tvillingane skulle kome til verda.

Veggen nådde vi allereie ei veke før, og vegen vidare blei ikkje betre. Vi fekk til slutt flytte ned på pasient-hotellet for å prøve å halde ut litt til. Og med bagar, stellevesker og ei tempurmadrass under arma flytta vi alt vi hadde over vegen.

Det var betre om dagen, for vi var friare og kunne gjere meir det vi ville, samtidig var det ikkje lett å ligge med smerter og rier om natta og ikkje kunne drage i ei snor for å få hjelp.

Riene fortsatte, men tok seg aldri skikkeleg opp, dei gjorde meg berre utslitt. Vi fekk bevege oss meir ut, og ei natt hadde vi også Matilde på overnatting med oss på hotellet. Svigermor var då i byen på overnatting som backup om noko skulle skje.

Vi hadde ultralydar kvar dag, ofte fleire gongar for dag.
Vi fekk beskjed om igangsetting eller keisarsnitt på tirsdag, så på torsdag igjen, men det blei heiletida utsatt fordi dei låg i tverrleie eller sete, og fordi dei ikkje hadde kapasitet. Den eine gongen eg ringde opp for å sei eg trudde eine hadde lagt seg med hode ned i bekkenet så hadde dei ikkje kapasitet til å sette meg i gong om det skulle vere tilfelle.

Sidan ungane hadde det så bra inne i magen hadde legane slått saman hovuda og bestemt at dei kunne fint vere der til både veke 38 og 39. Til tross for nokre jordmødre som prøvde å kjempe for meg, og forklare at mora ikkje hadde det bra.

Det var mykje snørr og tårer siste dagane. Eine skuffelsen etter den andre, eg trygla til slutt om å få sleppe meir.

Så endeleg blei det bestemt at dei skulle sette meg opp til keisarsnitt på tirsdag 26 Mars om dei ikkje hadde snudd seg, eller noko anna skjedde før det.

Eg hadde byrja å tenke at eg ikkje skulle håpe på noko, ønske noko eller forvente noko lenger. Eg trudde mest at dei kom til å ombestemme seg igjen, som dei andre 5-6 gongane før. Vi møtte opp til kontroll i 7 tida om morgonen ein siste ultralyd for å sjå om dei hadde lagt seg riktig veg og dei kunne ta vatnet og sette meg igang. Men dei svømte som nokre delfinar på kryss og tvers.

IMG_6864-IMG_6866- 
(Siste magebilde rett før dei skal få kome til verda, Veke 38)

Eg fekk spørsmålet om eg ville ha is i magen litt til?!?
Men NO va det nok frå mi side! Etter alle desse dagane halvvegs i fødsel, og halvvegs på vei til operasjonsstova så orka eg ikkje meir. Eg ønska ikkje å måtte ta eit keisarsnitt, men der og då så var det den einaste rette løysinga å ta. For å gå slik ei veke til, for så å ende med snitt likevel det orka ikkje eg. Eg skulle ha ork til å vere mamma etterpå også!

Vi trilla ned mot operasjonsstova, Paul-Erik fekk skifte til grønne kle, og eg vart tatt i mot av operasjonsteamet. Eit snev av lykke kom over meg då eg såg eit kjent ansikt. Hanne-Sofie; ei tvillingmamma som bur i Ørsta hadde nokre av sine siste dagar som anestesisjukepleiar-student. Ho skulle vere med på snittet, og eg kjende det roa meg mykje å ha eit kjent ansikt å sjå.

Eg var veldig roleg i grunnen, både før, under og etter snittet. Eg trur det er fordi eg har vore med på operasjonar før og viste om spinalbedøvelsen, korleis den blei satt og virka, apperata og forberedelsane var kjende. Det var ikkje noko eg følte meg usikker eller redd for.

Eg fekk ha Paul-Erik ved mi side bak det grøne forhenget. Men det tok ikkje lang tid før vi hørte eit “Splesj!!” på andre sida. Og alle på eine sida hadde blitt våte av fostervatn. Rett etterpå var fyste lydane av babygråt, og så kom dei med ein liten gut full i kvitt fett. Eirik kom til verda 08:25, tett etterfølgt av Sofie kl 08:26.

Det kom nokre tårer vel etterfølgt av eit stort smil. Sjølv om eg følte meg litt snytt for ein fødsel, så hadde dei to som vi har lengta etter så lenge endeleg kome til verda. Vi var endeleg tvillingforeldre og trebarnsforeldre.

Men Sofie hadde ikkje vore ferdig med akrobattriksa sine, og bestemte seg for å ta eit siste rundkast før ho kom til verda, og med det måtte dei fiske ho ut etter foten istaden for. Ho svelgte eindel vatn, og vart kort tid etter fødselen litt blå, og begynte å slite med pusten. Ho hadde fått våte lunger og måtte difor på Neonatal intensiv og få pustehjelp frå cpap.

IMG_6871-
(Mitt fyste møte med Eirik)

Eg fekk kose litt med Eirik før han blei med Sofie i kuvøsa til Neonatal. Paul-Erik blei også med barna medan eg blei sydd saman igjen.

IMG_6879-

(Paul-Erik og Eirik) 

Eg fekk vite at eg hadde nærmare 4 liter med fostervatn, ca 2 liter pr unge. Det normale er rundt 1 liter. Så det var grunnen til at ungane har hatt så mykje plass å svømme rundt på. Og noko av grunnen til at eg var så stor! Eg måtte også ofre 800 ml blod så eg var passe slapp etter operasjonen.

Så låg eg på kir.intensiv utan telefon og utan noko informasjon om barna i noko som verka som ei evigheit før Paul-Erik kom. Etter nokre passe fine mengder med smertestillande blei eg trilla til Neonatal for å få sjå ungane mine.

IMG_6892-
(Eg og Eirik)
IMG_6890-
(Paul-Erik roar Sofie med kos medan ho ligg med c-pap)

Sofie var kopla til c-papen med slangar og tuber så ho fekk eg så og seie ikkje sjå frå senga eg låg i. Men Eirik fekk kome til meg og kose.
IMG_6881-

Han fekk bli med opp på barsel medan Sofie blei att på neonatal. Eirik blei flytta ned igjen og sov saman med henne den natta, men kom opp når han skulle ha mat.

Dagen etter skulle egentlig Sofie koplast av cpapen og kome til oss, men ho var ikkje heilt i form igjen så eg måtte vente enda ein dag. Den natta sov Eirik hos meg, men det var ikkje før neste morgon når Sofie var friskmeldt og fekk kome til meg igjen eg kjende at alt var som det skulle vere. Sett bort frå smertene ved keisarsnittet.

IMG_6996-

Utan å gå i detaljar kring det. Så kan eg ikkje skjøne at nokon vil ha det i staden for å føde vanleg. Dagane etterpå var rett og slett grusomme! Sjølv etter to posar blod, morfin-tabelettar og ei god dose smertestillande via sprøyte i skinka var det grusomt! Ta dette som ein advarsel ;)
Må man så må man, men eg anbefalar å prøve den naturlege måten! ;) Ta det frå ei som har prøvd begge deler :)

Vi var tre dagar ved Ålesund etter fødselen, då hadde vi fått nok av det sjukehuset, og ville nærmare heimen. Så eg fekk ambulanse-tur til Volda sjukehus, med Paul-Erik køyrande bak med tvillingane, og tante-Ida i midten som passa på. Etter ei natt der kjende eg at no måtte eg heim. Det var påskeaftan, eg hadde vore på sjukehus i over to veker, og eg lengta etter å kome heim til senga mi, badet og dusjen min.

Dei fyste dagane var ikkje lette heime heller, men no merkar eg betring for kvar dag :)

Endelig kan resten av livet som trebarns-mamma begynne :)

fredag 5. april 2013

Vi er heime!

Vi har vore det i nokre dagar no, men det er ikkje så lett å få nokre minutter fri med to nyfødde i hus, ei ivrig storesyster og ei nyoperert mamma.

Men vi har det bra og dagane blir bedre og bedre :)

Eirik og Sofie kom til verda på Ålesund sjukehus den 26 Mars 2013.Dei kom ti verda på keisarleg vis, Eirik kom fyst kl 08:25 og var 2650 gr, så kom Sofie 08:26 og var 2875 gr

eirik og sofie

Lengda er ikkje målt fordi dei har satt i sete.

Heile historia kjem etter kvart :)

No går det i amming og kosing med dei finaste to babyane vi har sett på lenge ;)
eirik og sofie

onsdag 20. mars 2013

Når veggen er nådd

Orkar vi då å klatre over, eller rive den ned?

Eg var spent idag også, når det var ny ultralyd og ny vurdering.
Det tok si tid å vente, og når eg endelig fekk kome til, så var overaskelsen stor. Både for meg, jordmødre og legar.

Vi veit dei e aktive, men aktivitet på dette nivået så seint i svangerskapet, og så med tvillingar. Det har ingen opplevd før.

Tvillingane låg bokstaveleg talt på kryss og tvers. I tverrleie begge to, i nokre finurlege stillingar som gav legen litt av ei oppgåve for å finne ut kven som var kven og låg kvar.

No er alt uvisst igjen. Ingenting planlagt, anna enn ein ny ultralyd i morgon. Kanskje vi kan håpe dei har snudd seg heilt rundt då?
Men spørsmålet er alltid; Kor lenge held dei seg der? Og kva skjer om vatnet går no`?

Vi lever i uvisse. Og etter ei veke på sjukehuset, så kjenner vi på kropp og psyke at det er nok! I morgon håpar vi på svar, i det minste ein plan for kva som skal skje.

Eg ringde Paul-Erik og ba han kome tidlig frå skulen idag, eg trengde han her. Snill som han er så kom han, og jammen er det godt med trøst og støtte frå mannen i mitt liv. Seinare tok han turen og kjøpte trøstemat; Burgerking. Det trengs på sånne dagar.

No håpar vi at vi slepp fleire nedturar. Det kan gå på helsa laust, både på eine og andre viset.

tirsdag 19. mars 2013

Frustrasjon!

I går hadde eg tenkt å poste eit innlegg der vi ropte ut eit lite “Hurra!” fordi baby nr 1 hadde leie i hodeleie dei siste TO ultralydane, og at det kanskje no var håp om å bli satt igang skikkelig sidan den låg rett veg.

Spent på ultralyden idag, og spent på om det heile snart var over trippa eg veldig spent inn til ultralyden. Men NEIDA!! Der hadde dei snudd seg igjen og no ligg begge i seteleie.

(To hoder tett i tett, Tvillingane pønskar ut nye fantestrekar)

Så då vert det ingen igangsetting, og dei vil helst ha is i magen og sjå om dei snur seg igjen snart.

Tre gongar har eg vore såååå nær å få møte tvillingane, men dei har snurra på seg og utsatt alt!


(Jenta?)

Eg har forberedt meg på keisarsnitt, setefødsel, keisarsnitt igjen, og så vanlig fødsel, og no setefødsel igjen. Eg veit aldri kva som skjer, eller når det skjer. Vi anar ikkje om vatnet kjem til å gå. Eller om riene tek seg skikkelig opp snart.

Eg føler eg har vore halvvegs i fødsel i ei veke. I eit lite fengsel, der eg må smile fint for å få gå ein liten tur. Der det kjem ann på den som er på vakt om eg må ligge eller kan gå litt rundt.

mandag 18. mars 2013

Boble

Ja eg lever i mi eiga boble for tida.
Eg har vel eigentleg gjort det ei stund. Ei gravid boble.

Der alt handlar om graviditet, fødsel og baby.
Matilde hoppar inn i bobla saman med meg og Paul-Erik bur der på heiltid. Vi snakkar om navn, trilleturar, forventningar og bekymringar. Matilde teiknar korleis den komande familien skal bli, ho fantaserar om kor fantete dei blir, og alt gale dei kan gjere.

Saman med familien har vi vaska og rydda til dei små kjem.
Vi har kjøpt nye møblar til dei kjem, tatt vekk ting for å få plass til babyting, og forsaka litt alle saman for å gi dei plass i heimen.

Kvar einaste veke siste halvåret har inneholdt minst ein kontroll. Vi har vore på så mange ultralydar at vi har mista tellinga. Eg og Paul prøvde å oppsummere, men det er vertfal rundt 50-60. Siste veka har vi vore oppe i tre ultralydar på ein dag. Vi har kika godt på dei vertfal. Og dei er nydelege, svært aktive og heilt klart ein gut og ei jente.

No når eg har havna på sjukehuset er bobla vertfal lukka. Eg er omgitt av damer som ventar på å få, held på å få eller har fått barna sine. Jordmødrene er fult og heilt opptatt av tvillingane og det er så og seie berre baby-baby-baby…..
Alt handlar om å lytte og registrere babyane sin aktivitet og hjarterytme til alle døgnets tider. Det går med fleire timar for dag til det, men det er jo derfor eg er her.

Nei no gledar eg meg til barselbobla, ammetåke og babyskrik ;) ;)
Då kan eg i det minste dele dei to små med andre :)
No føler eg meg litt aleine og sjølvopptatt på same tid. For sidan det er eg som berer på tvillingane så er det berre meg og dei i magen det handlar om på alle kontrollar og i kvardagen. Og no kjenner eg at det skal bli godt å få hovedpersonane på utsidan. Eg gledar meg til å berre vere meg. Å kunne vere heilt aleine utan å måtte dele kropp eller liv med nokon ;) Å kunne levere frå meg, og la andre overta litt. ;)

Foto

fredag 15. mars 2013

Sånn går jo dagane

Det er ikkje så mykje nytt å meddele her i frå.

Riene er av og på, og uregelmessige.
Lite framgong av nokon ting som helst.

Paul-Eirik har heldigvis fått seg rom på sjukehuset så han er i nærleiken om noko skulle skje :)
Mesteparten av dagane er vi saman, men har tek seg nokre timar på skulen for å arbeide med skulearbeid, no medan han kan :)

Eg skreiv i går at eg håpa på permisjon idag. Men det var ingen sjanse for det! Eg fekk klar beskjed om å halde meg på sjukehuset i tilfelle vatnet går.

Det har vore litt uklart kva planen er, men når det sto ei tempur-madrass til meg på romet, så skjønte eg at planen var å ha meg her ei stund til. Og rett nok har dei tenkt å vertfal ha meg her til ut i neste veke, etter det veit eg ikkje kva dei tenkjer.

Noko kjedelig er det når eg ikkje kan forlate sjukehuset, men men.

No skulle eg kvile meg litt før det blir ultralyd for å sjekke korleis dei no ligg :)

torsdag 14. mars 2013

Oppdatering

Ja her har det hendt mykje i det siste, skal tru kvar eg skal begynne?

Kan kanskje begynne då det heile starta.

Tirsdag hadde eg kafè date med ei veninne, og etter det så tenkte eg at sidan eg likevel var nedanfor så kunne eg fikse dei siste tinga for å få i orden diverse i heimen.

Eg kan vel legge til at eg måtte skuffe litt snø for å få ut bilen, sidan vinteren viste oss at den ikkje var heilt ferdig enno.

Vel heime byrja vi med diverse i heimen, mamma kom for å hjelpe til med siste finish. Og eg var lukkeleg for det, for eg kjende det godt på taka i magen at eg var sliten etter dagen.

Men sjølv om eg satt eller sto, så slapp dei ikkje taket, og mamma bestemte seg for å ta med seg vesla på overnatting så vi fekk slappe av skikkelig. Men når dei ikkje gav seg ut på kvelden så tenkte eg at det hadde vore greit med ein sjekk før eg la meg.

Bagen lot vi stå att heime, for eg ville helst berre ha ein bekreftelse på at det ikkje var noko på gong.

Det blei då ikkje slik som vi hadde tenkt. Etter undersøkelse og CTG på sjukehuset var beskjeden om at det verka som om fødselen var i gong, og med tvillingar i seteleie vart det ålesund på oss.

Helikopteret er bestilt sa legen.
Helikopter!? no!?

Eg hadde ingenting med meg. Betydde dette ungar i natt??
Legen indikerte at det truleg blei keisarsnitt. Og om nokon kunne bringe oss tinga våre, så kanskje dei rakk det før vi reiste.

Bagen var jo pakka, men ikkje kle til dei to små.
Svogeren min blei satt på saka, og han rakk det akkurat i det helikopteret skulle til å ta av.


(frå google)

Heldigvis fekk Paul-Erik vere med på helikopterturen under stjernene. For det var faktisk ei veldig fin utsikt den natta :)

Vel på plass på føden i Ålesund, hadde dei ingen planar om snitt, men ei stor tru på at eg skulle føde i sete. Veldig uforberedt hadde eg ingen tru på dette, men det blei heller ingen realitet då riene ikkje viste framgong, og dabba av.

Det har framleis vore rier, men meir skjeldan, og ikkje effektive.
Etter mange ultralydar desse dagane, er det ei ny overasking kvar gong.

Ultralyden i Volda viste to barn i sete, Ultralyd ved ankomst viste fyste i sete og andre i tverrleie, og den tredje på eit døgn viste to barn i tverrleie.

Og med barn i tverrleie så seier det seg sjølv at det er umogleg å kome ut, så då blei det vurdert keisarsnitt igjen.

Riene idag tok seg opp igjen frå morgonen av, og med to ultralydar som viste tverrleie på begge to, så blei det bestemt at dei skulle få kome til verda i kveld.

Men når legen kom for å ta ein siste ultralyd før vi skulle sette igang hadde jammen eine klart å flytte på seg og legge hodet ned.

Så då blei KS avlyst, og eg går her igjen….

Sjølv om det er det beste for dei små å få kome til verda litt seinare, og på den vanlege måten så må eg innrømme at eg blei litt skuffa. Spesielt sidan vi var såååå nær å få møte dei.

Men men…. :)
Det blir ny ultralyd i morgon, så får vi sjå då :)

Eg duger svært dårleg som pasient!
Det er jo drittkjedelig å vere her! Eg er jo alt for frisk til å ligge i ei seng, med ein TV med alt for få kanalar, og nye romveninner kvar dag. Men om han ligg i hodeleie i morgon også, så kanskje eg får litt perm?

Matilde har vore på besøk med meg idag :)
Og koselig var det, å få kose med store jenta mi igjen :)

Ellers så er Paul-Erik også på plass i tilfelle ting skjer :)
Dog i ei anna etasje i natt, men godt å ha han på huset :)
Og godt å ha nokon å tilbringe tida saman med :)

Matilde er heime med mormor og morfar no, og eg trur kanskje ho kjem ein liten tur i morgon også :)

Vel eit lite langt utdrag av kva som har hendt siste dagane :)

mandag 11. mars 2013

Buzzador- Oral-B Tannkrem

Då har eg fått pakke frå Buzzador :)

Eg var litt i tvil med å bytte tannkrem, fordi eg etter mykje prøving med ulike tannkremar berre har funne ein som ikkje gir meg sår i munnen. Men etter nokre dagars bruk, så er det berre positive opplevelsar.

Tannkosten er forresten kjempego, den overaska meg nesten mest :)

Det å vere Buzzador er å få prøve produkt sjølv, og dele vareprøver med vener, famili og bekjente. For så å gi tilbakemeldingar til buzzador på slutten av kampanjen. Om nokon i nærområdet vil ha ei lita tube med Oral-B Tannkrem så gi meg eit vinnk :) Og om nokon vil bli buzzador så sei også ifrå :)

Vi prøvar alt

Som sagt var dei to små i seteleie ved sist kontroll.
Og det var ikkje heilt etter min plan. Så då prøvar vi akupunktur og moxa behandling.

Eg fekk time idag kl 11 for akupunktur, og med meg heim fekk eg ein moxa pinne som eg skal bruke sjølv heime.
Denne luktar litt spesielt så behandlinga skjer ute på altanen. Naboane må vel tru det har tilta heilt for meg og begynt å røyke noko eg ikkje burde :p

Men sjølv om det kan verke sånn så har eg ikkje det. Eg sit faktisk berre å varmar lisjetåa mi med ein røykelses pinne.

Neste time med akupunktur er på torsdag, og eg håpar vi har fått eit svar på om dei har snudd seg då eller ikkje.

Fram til då er det berre å halde fram med å varme tær,
og håpe på det beste :)

søndag 10. mars 2013

Redebygging på badet

Litt etter litt, ein dag om gongen så blir det orden på saker og ting :)Foto
Skuffa på badet er no fylt med små bodyar i str 44-48 og 50
Søte små bodyar til søte små babyar. Nokre av bodyane til Matilde bringer tilbake gode minner frå spebarnstida.
Nokre skuffer med strømpebukser, nattpysjar og sokkar er også klare.

Skittentøyskorga og ein hyllereol er bytta ut med stellbordet og ei ny hylle på veggen med plass til handdukar til stellebordet. Stellebordet er fylt til randen av bleier og stelleprodukt. Men med nokre fleire hyller og div så skal det bli litt meir orden der også :)

Stellebordet er frå når Matilde var liten, og er ein av dei få tinga vi faktisk kan bruke denne gongen også ;)

lørdag 9. mars 2013

Veke 35

Veke 35 er faktisk snart over, allereie på tirsdag begynner eg på veke 36, men ei lita oppdatering må vel til :)

Mine to små har rikelig med fostervatn og veks som dei skal. Og sjølv om det etter boka skal vere trangt om plassen, så har desse framleis plass å utføre akrobatikk på. I følge mi bok er dei ca 45cm lange frå hovud til hel, og veg omkring 2500gr kvar. Og om dei kjem no så vil dei mest sansynleg vere klar for verda ;)
(35+3)

Dagar igjen til termin 12.04.13: 34
Form: Slit med søvnen pga kløe, og det er fryktelig tungt å bevege seg. Alt er tungt og vanskelig.
Plager: Hovne, såre, raude fingrar og hender. Bekkenplager, Svangerskapskløe, kynnarar +++
Humør: Det har vore skikkelig surt siste vekene. Og etter at eg fekk vite at dei ligg i sete og at eg kanskje må ta keisarsnitt så har det vore på rock bottom!
Babyens leie:  To små krapyl i seteleie
Hjertefrekvens: 150 og 140
Pica: Kalde appelsiner, og kald kvikklunsj
Vektøkning: 15 kg
Hevelse: Ja litt, spesielt i fingrane
Strekkmerker: ja :( fleire og fleire for kvar dag
Kynnere: Ja, men ikkje så vonde som før
Kjønn: En lillebror og lillesøster
Navn: Uvisst
Aktivitet: Akrobatar på elite-nivå.
Babyutstyr:
- Tvillingvogn med tilbehør
- Gynge
- Tvillingvugge
- Dyner, Tepper, Sengesett, Laken
- Leikematte og Leiketeppe
- Flasker, Flaskesterilisator
- Kle
- Bilstolar med base, Bilstolpose og div. tilbehør
- Sprinkelseng
- Stellebord med badekar , Handkle til stellebord, vaskeklutar
- 1 Bæresele
- 1 Bæresjal
- Voksipose
- Babycall
- Smokkar
+ + + +
Mangler av utstyr:
- Stelleveske Bestilt
- Tvilling ammepute
- Badestolar
- Bilspeil
- Ammeinnlegg i ull Bestilt
- Soveposar Bestilt
(- Babybjørn vippestol)
Sykehusbaggen: Pakka :)
Neste kontroll: Åse ein gong i neste veke, og Volda på Fredag 15/3
Utolmodig: No er eg rett og slett drittlei plager og motgang, så no vil eg berre bli ferdig så eg kan kose meg med ungane mine <3
Tanker:
Tankane nett no er mange og kaotiske. Eg har gått i ei veke no og vore lukkeleg for at dei låg rett vei begge to, og at alt såg ut til å bli ein vanleg fødsel. Eg var straks i mål med alt som skal vere klart, og såg fram til å sette to små liv til verden. Bagen er klar og alt skulle gå på skinner.

Men no er det heile uvisst. Legen ringde Åse sjukehus så dei skulle sende meg ein time neste veke for vurdering av keisarsnitt. Og det hadde jo eg ikkje tenkt meg i det heile tatt, samtidig som eg absolutt ikkje har tenkt å prøve å føde to babyar som sit i sete. Eit anna problem som då kjem, er at eg ikkje klarar å sitte i bil meir enn maks 20 min. Eg blir skikkelig uvel og dårleg, og transporten skal jo også skje forsvarleg, så å legge seg i baksetet er ikkje aktuelt.

Nei eg får berre prøve å kose meg i helga. Ta ein dag om gongen og legge alle “tenk om” tankane frå meg, og gjere klart dei siste tinga før dei små kjem. Så har eg bestilt akupunktur på mandag, og eg kryssar det eg har for at dei snur seg.

fredag 8. mars 2013

Ting snur fort!

Forrige fredag kunne eg meddele den glade nyhenda om at dei to små låg i hodeleie og var klare for verda. Denne veka hadde eg håpa på å fortelle det samme, og at no var det berre å gjere seg klar for å bli tvillingforeldre, fordi det kunne skje når som helst.

Det kan framleis skje når som helst. Men dei små krapyla har på ein eller annan akrobatisk måte klart å snu seg frå hodeleie til seteleie. Og det begge to, utan at mor har merka nokon ting.

Eg trudde det var så trangt i magen no, spesielt når det er to, at det ikkje kunne snu seg. Men sidan dei er heldige vinnarar av mykje fostervatn, så har dei klart det. Og no bør dei snu seg att! brennkvikt!

Akupunktur er bestilt, for alt skal prøvast, om det så betyr at eg må prøve å stå opp ned :p

Eg har også vore plaga med voldsom kløe i hender, føter og på magen. Så det blei tatt blodprøver, og så fekk eg heldigvis noko medisin som skal hjelpe litt. Og litt hjelper den, men eg blir mest trøtt av den. Og ekstra trøtt blei eg også fordi eg dei to siste dagane har vakna kl 05 av at eg held på å klø meg til blods. Finger-ledda er hovne og raude, så no har eg sove nokre timar. Og mest truleg øydelagt alt som heiter nattesøvn for den komande natta :/

onsdag 6. mars 2013

Tenk det!

Eg skal bli tvillingmamma! Trebarnsmor! Skulemamma!IMG_6827--s
(33+3)

Ja det er ingen tvil om at denne våren og tida framover byr på litt mange nye utfordringar!

Vi som har vore ei roleg lita familie på tre. God tid til den kjekke gode jenta vår, skal no plutselig møte litt meir hektiske tider.Vi skal bli enda fleire, og leve på litt mindre plass.

I tilleg så sit eg no å fyller ut papira i høve Matilde sin skulestart!
Ho er klar som eit egg! Mora synest det er litt vemodig at vesla skal bli skulejente. Ho skal begynne med lekser og få nye vener. Men jammen skal det bli kjekt også!
IMG_6772--

Og om nokre dagar, eller veker så er vi plutselig tvillingforeldre.
To små nye liv skal kome til verda, og vi er dei heldige som skal få ta vare på dei, elske dei og sjå dei vekse opp til å bli like fantastiske som storesøster!

 IMG_6812--s (33+3)

Matilde er veldig lei, og spør kvar dag om dei ikkje kjem snart!
Og eg skjønar det er ei evigheit å vente for henne. For det verkar som ei evigheit for meg også!

mandag 4. mars 2013

Ikkje heilt klart, men veldig lei!

Eg er ikkje heilt klar enno, men samtidig så er eg veldig lei!
Lei av vondter og begrensingar. Lei av å ikkje få til ting, og av at huset framleis er lettare uferdig etter IKEA-leveransen.

Samtidig håpar eg for barna sin del at dei får bli i magen til rundt veke 37 så dei er store og sterke når dei kjem :)

Bagen er klar, vertfal nesten.
Nokre småting att, men ikkje absolutt nødvendige.
Foto

Ellers så held magen på å eksplodere!
IMG_6794--
Og det synest vist vesla også!
IMG_6815--s 
(33+3)
Det er nok ikkje berre eg som ventar og er lei!
Matilde synest det tar voldsomt lang tid!
Og gler seg like mykje som oss til dei er her, og vi kan kose med dei :)

Men om nokre timar bikkar eg over til veke 35.
Og då er vi enda nærmare til å få sjå dei søte små :)
På fredag er ny kontroll på sjukehuset, og vi er spent på korleis dei har det inni magehula si :)